audscottagepaint.blogspot.com
Aud`s cottage & paint: mai 2015
http://audscottagepaint.blogspot.com/2015_05_01_archive.html
Aud`s cottage and paint. Søndag 10. mai 2015. Når gamalt vert nytt. Her er det gamle brokadelivet frå Sogn som har lege på kistebotnen i mange år, frå tidleg på 1900 trur eg. Det har ikkje vore særleg brukt, vart vel ikkje heilt passande til den det var tiltenkt kanskje. Med sylvband og pynt tek det seg riktig bra ut, ikkje sant! Men med gode kontakter innan bunadsfaget har det ordna seg i ein fei med stoff, så no er det berre saumen av den som står att. Og framleis ei heil veke til 17. mai! Sidan mitt g...
audscottagepaint.blogspot.com
Aud`s cottage & paint: 60-tals stova restaurert
http://audscottagepaint.blogspot.com/2015/03/60-tals-stova-restaurert.html
Aud`s cottage and paint. Lørdag 14. mars 2015. Då vi først måtte legge nytt golv pga vasskade, måla vi veggane og skifta eine glaset. Litt ommøblering vart det og, men dei viktigaste tinga er på plass igjen :). Hårtørka frå mi mor sin frisørsalong virkar fint, så her kan ein berre få hårrullane på plass og kose seg med eit vekeblad, for exmpl Alle Kvinner frå 60 talet! Med perleband og stiva undersjørt, då er ein kledd! Colakjølaren vart funnen ved vegen i ei storbossinnsamling, no med billakk og ny logo.
audscottagepaint.blogspot.com
Aud`s cottage & paint: april 2015
http://audscottagepaint.blogspot.com/2015_04_01_archive.html
Aud`s cottage and paint. Lørdag 25. april 2015. Kanskje ei vel optimistisk planting. Nettingen ligg over for at ikkje kattane skal grave opp knollane, og hjelper neppe mot kulden! Linker til dette innlegget. Send dette via e-post. Abonner på: Innlegg (Atom). Takk for at du ser innom bloggen min, håpar at du finn noko av interesse. Eg bloggar om livet på garden vår og om dei ulike prosjekt vi held på med, både når det gjeld arbeid og fritid. Vi skal ta godt imot deg! Eg målar også rosemåling frå Sogn og F...
audscottagepaint.blogspot.com
Aud`s cottage & paint: juni 2014
http://audscottagepaint.blogspot.com/2014_06_01_archive.html
Aud`s cottage and paint. Lørdag 21. juni 2014. Gjet om det var ein som hadde vore ute og plukka prestekragar til meg i dagtidleg! 45 år med verdens beste og snillaste mann, so heldig er eg! Kjelvet har nok ikkje blitt mykje nytta til dette bruk! Verken brudgommen, eller min forlovar og gode barndomsvennine, ser ut til å late seg skremme noko særleg av denne nybakte bondekona. Eit bilde frå den kortreiste bryllaupsturen, ei overnatting på Eggestøylen! Hesten var no snill . Denne kjekke familien kom eg til!
audscottagepaint.blogspot.com
Aud`s cottage & paint: september 2014
http://audscottagepaint.blogspot.com/2014_09_01_archive.html
Aud`s cottage and paint. Mandag 8. september 2014. Sandal Krins byd inn til Støylsdag. Det er stas å få vera med på traktor-safari opp dei bratte bakkane! Her var to ekstra spente som aldri hadde vore på Sandalstøylen før. Og nokon fekk reisa i lenestol på 1.klasse! Hølkje" til å bere mjølk på ryggen, det tek 23 liter. Super spekekjøt, veldig kortreist! Rømmegrauten smaka fortreffeleg på stølsvollen! Dei flinke som "styrte med det". Heldige vi som har eit så dugande krinsstyre :). Send dette via e-post.
audscottagepaint.blogspot.com
Aud`s cottage & paint: oktober 2014
http://audscottagepaint.blogspot.com/2014_10_01_archive.html
Aud`s cottage and paint. Torsdag 23. oktober 2014. På Finn.no hadde bonden sett denne traktoren for sal, Mc.Cormick 1964 modell, veldig lite brukt. Vi hadde nett maken, også 1964 modell, den var heilt utsliten no. Mange redskap hadde vi for denne vesle lette traktoren, og sidan seljaren faktisk var her i kommunen, slo vi til. Bonden har nyleg feira dag, så det vart ei super gåve til ein super mann, frå konemor! Raud og fin i lakken, og heilt i orden på alle vis! Den kom godt stroppa på ein stor bilhengar.
audscottagepaint.blogspot.com
Aud`s cottage & paint: februar 2015
http://audscottagepaint.blogspot.com/2015_02_01_archive.html
Aud`s cottage and paint. Mandag 9. februar 2015. Ein snev av stormen OLE. Traktoren hadde fått stopp midt på tunet. Medan vi venta på ny startbrytar kom OLE med vind og meir snø. og vi som hadde nok av det slaget! Den "nye " traktor veslebroren måtte få kjettingar på og ut for å jobbe med snøen. Tunet og vegen til gjestehusa må vera køyrande, så det var inga bøn. Men desse to veteranane jobbar godt ilag, så det gjekk fint! Litt skilnad på storleiken då, på ein ny traktor og den frå 1964! Eg leiger ut fir...
audscottagepaint.blogspot.com
Aud`s cottage & paint: januar 2015
http://audscottagepaint.blogspot.com/2015_01_01_archive.html
Aud`s cottage and paint. Søndag 25. januar 2015. Før det vart heilt lyst i dag, var det eit rosa skin ute, og himmelen var blå-turkis. Litt nysnø fekk vi i går, så det var berre nydeleg! Partylysa som bonden fekk til jebusen i oktober, har lyst opp epletreet sidan, og skal lyse vidare. I dag føremiddag ventar vi sola, men inni dalen er det litt skya no etter frokost, så det er litt uvisst. Linker til dette innlegget. Send dette via e-post. Tirsdag 20. januar 2015. Godvêr og nok snø! Send dette via e-post.
audscottagepaint.blogspot.com
Aud`s cottage & paint: MÅNESKINSKVELD
http://audscottagepaint.blogspot.com/2015/05/maneskinskveld.html
Aud`s cottage and paint. Tirsdag 5. mai 2015. Det er nokre gonger flott å vera ute ein sein kveld! Ser ut som midtvinters, men vi har mai! Brèen og Snønipa er framleis heilt snødekte, det har vore kalde neter til no. Hue og vottar på, men det er ganske lyst klokka halv elleve, det rimar ikkje heilt. Vatnet har heller ikkje vakse opp noko endå, øya ved elvemunningen er ganske stor. Må berre nyte stemninga og måneskinsturen! Send dette via e-post. Vi skal ta godt imot deg! Eg målar også rosemåling frå Sogn...
audscottagepaint.blogspot.com
Aud`s cottage & paint: Vår i dalen
http://audscottagepaint.blogspot.com/2015/03/var-i-dalen_17.html
Aud`s cottage and paint. Tirsdag 17. mars 2015. Kring husa er det bart no, men nedom lada, der det har rasa frå taket, er det snødungar framleis. Solbærtrea har fått litt frisering i dag, det var nydeleg å vera ute, 11 varmegrader på ettermiddagen. Dei første vårblomane dukka opp med det same snøteppet smelta, heilt fritt for tele i år. Ein gul liten stemorsblomst stod også klar under snøen! Snøklokkene er komne godt i gong, og krokusen er så vidt begynnt. Send dette via e-post. Vi skal ta godt imot deg!